Linedance 2



Linedance er dei kvite amerikanarane sin folkedans. Dette er ein enkel dans der ein valfritt kan telja til fire eller åtte. Still på rekkjer, skulder mot skulder med litt avstand.

1.  Begge beina saman og vri høgre foten ut til sida 2x (tel 1-4)

2.  Sett høgre foten fram med hælen nedi 2x
– sett høgre foten bak med tærne nedi 2x  (1-4)

3.  Sett høgre foten fram med hælen nedi – inntil venstre foten
– høgre hælen nedi på skrå fram – høgre foten bak og slå på hælen
med venstre handa (1-4)

4.  Sett høgre foten ut til sida (skrått fram), kryss det andre beinet bak
– set høgre bein ut til sida og set venstre beinet inntil (1-4)

5.  Sett venstre foten til sida (skrått fram), kryss det andre beinet bak
– sett venstre bein ut til sida og spenn i golvet med høgre hæl – mot venstre og lag ein sving med foten og snu 90 grader (1-4)

6.  Sett høgre fot nedi, kryss det andre beinet bak, sett høgre fot ut til sida og
spenn i golvet med høgre hæl og lag ein sving med foten mot h. (1-4)

7.  Sett venstre fot inntil h. og snu 180 grader mot høgre på tre takter og set beina
saman på fjerde takten (1-4)

 

Tips

1. Alle elevane på ei/to linjer – hermer etter læraren som står eit godt stykke framfor med ryggen til. Øv kvar takt/sekvens (1-4) – set saman etter kvart. Øv utan vendingar til elevane kan sekvensane – så med vendingar. Bruk musikk frå starten av – og øv heller vanskelege sekvensar utan musikk om nødvendig.
2. Elevane stille på to linjer med ansiktet mot kvarandre (ca 1,5 m avstand).
Ved vending 90 grader kryssar elevane kvarandre og ved vending 180 grader står elevane no ansikt til ansikt igjen (har bytt plass)

Tagget med: , ,
Postet i Dans, Fysisk ferdighet, Gymsal, Mellomtrinnet, Musikk, Ressursbank, Samarbeidsøvelse, Sansemotorikk, Småskolen, Sosial ferdighet, Ungdom