Linedance 1



Linedance er dei kvite amerikanarane sin folkedans. Dette er ein enkel dans der ein valfritt kan telja til fire eller åtte. Still på rekkjer, skulder mot skulder med litt avstand. Frittståande.

1.Høgre fot fram og tilbake til utg.punkt (tel 1-2), så venstre fot fram og tilbake (tel 3-4). Gjer dette 2 gonger (tel 5-6-7-8)
2.Ta så to ”tap” fram og to bak med høgre fot (tel 1-2, 3-4). Deretter tek du høgre fot fram, til høgresida, bak og til høgresida igjen (tel 5-6-7-8).
3.Så kjem fire slå-slag på fot m/vriding samstundes: Før høgrefoten bak og slå på sko med venstre hand. Før foten tilbake igjen til høgre og slå på sko med høgre hand. Før så høgre fot på framsida bort til venstre hand og slå, og før så foten tilbake igjen til høgre og slå med høgre hand. ( tel 1-2-3-4 for kvart slag) På andre slaget vrir du deg til venstre, og fullfører vridinga under 3 og 4 til du er kommn 90° rundt. (Krev balanse, då denne operasjonen skal gjerast ståande på venstre fot)
4.Etter siste slaget på høgrefoten, set du den ned til høgre mens du seier 5. Før så venstrefoten etter og sett den ned bak og litt forbi høgrefoten til høgre (tel 6)
Høgrefoten blir sett endå lengre til høgre og venstrefoten blir ført opp bak og høgre hand slår på skoen. (tel 7-8)

•Gjer så det same motsett veg: Sett venstre fot ned til venstre og sei 1. Før så
høgre fot bak venstre fot (2), og venstrefoten endå lengre mot venstre (3) før
du slår høgre sko mot venstre hand bak ryggen (4).

•Sett høgre fot framfor deg og ”dra” venstrefoten etter (tel 5-6). Gjenta dette
endå lengre framover (tel 7-8)

•Gå fire steg på staden mens du vrikkar på hoftene. (tel 1-2-3-4)
Gjenta så punkt 1-7 om igjen og om igjen heile songen gjennom. Det er viktig at songen ikkje går for seint, men at det er litt drivrytme. Pass på at rekkene er beine!

Tips

Innøving av dansen utan snu på ei/to linje – elevane hermer etter læraren. Øver så
med snu før ein stiller opp på 3-5 rekkjer (sjå tips på linedans 2). Kan forenklast for yngre elevar.

Tagget med: , ,
Postet i Dans, Fysisk ferdighet, Gymsal, Mellomtrinnet, Musikk, Ressursbank, Samarbeidsøvelse, Sansemotorikk, Småskolen, Sosial ferdighet, Ungdom